GNR 12 BNR 32 - Steinnes Kolonihagar - Heimlund Bygg AS - Mindre endring av reguleringsplan - Kunngjering

Vi viser til handsaming datert 24.01.2017.

Kommunestyret- 007/17, har gjort følgjande vedtak i saka:

I tråd med Plan- og bygningslova § 12-12 gjer Forvaltningsstyret i Finnøy endeleg vedtak av Mindre endring for Detaljregulering for GNR 12 BNR 32 – Steinnes Kolonihagar – Finnøy. Plankart og føresegner er sist dater 27.03.09 og 23.02.16.

 

Planen legg til rette for at talet på hytter innanfor nordre, ikkje utbygde del av planen, vert halvert og at storleiken på hyttene og parsellane dobla. Endringa begrunnast med marknadsmessige tilhøve.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til departementet, med heimel i §§ 12-13 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Ev. klage skal framsetjast skriftleg og sendast til Finnøy kommune, avd. for plan og forvaltning, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan 30.05.2017 eller pr e-post post@finnoy.kommune.no 

 

Ev. krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova si § 15-2 eller § 15-3 må framsetjast skriftleg innan 3 år frå dags dato.

 

 

Vedlegg:

  • 082-2010_STEIN-ME-Planbeskriving
  • 082-2010_STEIN-ME-Føresegner
  • 082-2010_STEIN-ME-Plankart
  • GNR 12 BNR 32 - fritidsbustad  - Heimlund Bygg AS  på Finnøy -mindre endring av reguleringsplan.  Endeleg godkjenning
Publisert av Linda Vestersjø. Sist endra 11.04.2017
 
Login for redigering