Forslag til ny kommuneplan for Finnøy 2019-2029 – arealdelen: Høyring og offentleg ettersyn

 areal høyring.png - Klikk for stort bilete

Forvaltningsstyret i Finnøy vedtok i møte 20.02.2019 å legge forslag til ny kommuneplan for Finnøy kommune 2019-2029 – arealdelen til høyring og offentleg ettersyn i 6 veker i tråd med plan- og bygningslovas §11-14. Høyringsperioden for planforslaget er frå 12.3 – 26.4.2019.

 

I 2020 blir dagens Finnøy kommune del av nye Stavanger kommune. Arbeidet med å revidere  kommuneplanen er ei prioritert oppgåve før kommunesamanslåinga, og ein viktig del i  arbeidet med å byggje den nye kommunen.

 

Forslag til ny arealdel er utarbeida med grunnlag i kommunal planstrategi 2016-2019 vedtatt av kommunestyret 5.10.2016, planprogram for kommuneplanarbeidet 2019-2029 vedtatt i kommunestyret 06.09.2017, og ny samfunnsdel 2019-2029 vedtatt i kommunestyret 19.12.2018.

 

Forslag til ny arealdel vert nå sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Merknader til planen vil bli vurdert og innarbeida i endeleg planforslag i april og mai.

 

Revidert plan vert lagt fram for politisk godkjenning sommaren 2019. Endeleg handsaming av planen vil skje i kommunestyret i september 2019.

 

Eventuelle merknader til planforslaget vert sendt til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, epost: post@finnoy.kommune.no, merka «høyring kommuneplan arealdel » innan 26. april 2019.  

 

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til prosjektleiar i Stavanger kommune Linda Christine Olsen tlf. 51507695, e-mail linda.christine.olsen@stavanger.kommune.no eller til Else May Sevheim i Finnøy kommune tlf 51 71 47 00, e-mail post@finnoy.kommune.no.

 

Det vert opne kontordagar i kommunestyresalen i Finnøy rådhus onsdag 27.3.2019 og tysdag 2.4.2019 kl. 13-19 der ein kan stille spørsmål til planarbeidet. 

 

Finnøy kommune

Karin Dokken Austvik

rådmann

 

Plandokument og andre dokument kan lastas ned her:

 

Planomtale (PDF, 5 MB)

Kommuneplankart – heile kommune (PDF, 22 MB)

Kommuneplankart – Reilstad (PDF, 3 MB)

Føresegner, retningslinjer og tabellar (PDF, 2 MB)

Temakart kulturminne, omsynsoner kulturmiljø, Sefrak A,B,C (PDF, 698 kB)

Temakart landbruk (PDF, 967 kB)

Temakart kvikkleire og rasfare (PDF, 2 MB)

Temakart naturområde, friluftområde (PDF, 712 kB)

ROS-analyse. Innspill til kommuneplan for Finnøy kommune 2019-2029 (PDF, 2 MB)

Konsekvensutredning av innspill til kommuneplan Finnøy (PDF, 4 MB)

Øyfast. Konsekvensutredning for fastlandsforbindelse i Ryfylke (Norconsult AS) (PDF, 8 MB)

Utredning Øyfast (Norconsult AS) (PDF, 2 MB)

Høyringsbrev (PDF, 131 kB)

Adresseliste høyringsinstansar (PDF, 156 kB)

Protokoll sak 22.19 Forvaltningsstyre 20.2.2019: KPA Finnøy 2019-2029 1. gangs høyring (PDF, 532 kB)

Notat - kriterium for vurdering av innspel, utbyggingsreserve - vedtak Forvaltningsstyret sept 2018 (PDF, 955 kB)

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 13.03.2019
 
Login for redigering