Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022

 7. november la rådmannen fram sitt forslag til budsjett 2019 og økonomiplan for 2019-2022.

 Budsjett- og økonomiplanen vart fyrst handsama av formannskapet 28. november, før det vert endeleg handsama i kommunestyret 19. desember 2018.

Formannskapet si innstilling til kommunestyret ligg ved, saman med budsjettdokumenta for offentleg ettersyn.

 

FSK- 094/18 VEDTAK :

1. Kommunalt skattøre for personlege skattytarar skal i 2019 vera på den maksimalsats som Stortinget fastset.

2. Eigedomsskatt, på verk og bruk og anna fast eigedom det er høve til å skattlegge, vert utskriven med 5 promille i 2019.

3. Brukarbetaling Oppvekst 2019 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 2.

4. Brukarbetaling Helse og omsorg 2019 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 3.

5. Gebyrregulativ Plan og forvaltning/Drift og bygg 2019 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 4.

6. Investeringar i årsbudsjettet for 2019 vert finansiert med bruk av midlar frå bunde og ubunde kapitalfond og nytt låneopptak på inntil 35 mill. kroner. Lån vert nedbetalt over 30 år.

7. Det vert tatt opp lån i Husbanken til vidare utlån som startlån på inntil 5 mill. kroner. Lån vert nedbetalt over 30 år.

8. Budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 vert vedtatt i samsvar med forslag frå rådmannen av 20. november 2018 med vedlegg, og med følgjande endring:

Rekneskapsmessig mindreforbruk for 2019, med 1,089 mill. kroner, jf. tabell 5 Økonomisk oversikt - drift i forslag frå rådmannen, vert ført på avsetning til disposisjonsfond. Rekneskapsmessig mindreforbruk i forslag frå rådmannen er etter denne avsetninga kr 0,-.

 

Følgjande endringar frå fellesframlegget frå KRF, V, SP, AP:

 

 

Som rådmannen si innstilling med følgjande endringar:

 budsjettvedtak2.PNG - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1. Det vert sett av kr 500 000,- til fiberutbygging i dei områda som ikkje blei prioriterte ved sist utbygging. Beløpet er berekna som ein eigenandel i tillegg til støtte frå Rogaland fylkeskommune. Rådmannen søkjer tidleg i 2019 om midlar og legg fram ei sak til politisk behandling våren 2019.

 

2. Det vert sett av 0,7 mill i 2020 til skaterampe på godkjent tomt i Judaberg sentrum. Prosjektet har då heile 2019 til å søkja om eksterne midlar. Disponering av kommunen si tomt er også eit bidrag i prosjektet.

 

Øyfast:

Viser til vedtak i KS SAK 48/18 «Når det gjeld bruk av midler frå havbruksfondet no og i åra framover bed ein rådmannen koma med ei sak der store utbyggingsprosjekter og øyfast vert prioritert. Ein ser m.a. for seg oppretting av eit fond øyremerka øyfast» I lyset av dette vedtaket vil det etter offentleggjering av Øyfast-rapporten den 05.12.2018 bli vurdert utforming og rettningslinjer for fondet.

Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 05.12.2018
 
Login for redigering