Norskundervisning med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Finnøy kommune tilbyr ulike kurs for vaksne innvandrarar. Kursa er delt inn i ulike nivå og følgjer ein nasjonal læreplan. For meir informasjon www.vox.no. Lærar for vaksenopplæringa er Irena Jørstadog kurs går vanlegvis på Finnøy sentralskule på Judaberg 

Kurs for nybegynnarar startar i september og april. Kurs for vidarekomne startar i september og januar. Kursa går over 10 veker. Det er kurs to gongar i veka. Haustsemesteret har 43 timar og vårsemesteret har 54 timar.

 

Kursa blir oftast haldne på kveldstid.

Er det tilstrekkjeleg interesse, blir det også kurs på dagtid.

 

Betalingssatsar blir vedtatt av kommunestyret og gjeld for eit år. For 2017 gjeld:

Studentar med rett og plikt

gratis

Studentar med plikt

80 kr timen

Andre

110 kr timen

 

 

Læremateriellet som blir brukt for nybegynnarar, nivå A1 og A2, er «På vei».

For vidarekomne, nivå B1, brukar ein «Stein på stein».

For vidarekomne, nivå B2 (Bergenstesten), brukar ein «Her på berget».

Bøkene kostar om lag 350 kr pr.stk.

 

Opplæringa blir avslutta med prøvar som blir gitt nasjonalt, og som måler munnleg og skriftleg kompetanse. Prøvane er også delt inn etter nivå, A1, A2, B1 og B2 (Bergenstesten). Norskprøvane har både ein skriftleg og ein munnleg del. Den skriftlege delen er digital, og den munnlege delen er med eksaminator og sensor. Studentane tar prøvane på Johannes læringssenter i Stavanger. B2 (Bergenstesten), blir halden på Kannik skole i Stavanger.

 

For studentar med rett og plikt (gratis opplæring), er det obligatorisk å ta prøven. Finnøy kommune betaler avgift for første prøve for studentar som har deltatt på kurs. Dersom ein vil ta fleire prøvar, betalar ein desse sjølv.

 

Informasjon om nye kurs ligg på nettsidene til Finnøy kommune, i lokalavisa og oppslag rundt på øyane i kommunen.

 

Påmelding eller spørsmål kan rettast til Irena Jørstad på e-post eller telefon:

irj@finnoy.kommune.no

Tlt. 995 77 757.

Kontortid tysdag på rådhuset kl. 0900-1200.

 

For meir informasjon kan ein kontakte Irena Jørstad direkte, eller ta kontakt med avdeling for Oppvekst ved pedagogisk rådgjevar i Finnøy kommune, tlf. 51 71 47 31.

 

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering