Talgje barnehage

Talgje barnehage ligg på Gard på øya Talgje, som er knytt til Rennesøy og Finnøy gjennom Finnfast. Adresse Talgjevegen 171, 4163 Talgje.

Barnehagen har to avdelingar; Øygarden 0-3 og Varden 3-5 år. Det er ca 30 barn til saman i Talgje barnehage.

 

Opningstidene er kl. 07.00-16.30

 

Talgje barnehage artikkelbilde - Klikk for stort bilete

VæreSammen-programmet om sosial kompetanse er kjernen i barnehagen.  Det handlar om vaksenrolla i møte med borna, og det handlar om samspelet borna seg imellom, med fokus på venskap og det å bry seg o m kvarandre.  Der skal vera rom  for at alle skal få vera seg sjølv, men gje plass til andre, slik at dei får vera seg, slik Løvelova frå VæreSammen-programmet seier.

 

Aktivitet og sunt kosthald er ein del av barnehagen sin profil.  Barnehagen har gymsal, og nærområdet med gamle kulturminner og flott natur gjer stor anledning til fysisk aktivitet.
 

Visjonen for barnehagen - Store på dei små - signaliserer at i Talgje barnehage skal der vera stor kunnskap og kompetanse på barn, og der skal vera god plass for små og store menneske.  

 

Talgje barnehage, Talgjevegen 171, 4163 Talgje
Styrar Randi Sevheim Christophersen
Tlf. 51 91 22 80 

Mob. 404 66 756
E-post: rsc@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 30.10.2017
Lenker (1)
 
Login for redigering