Ombo oppvekstsenter

Ombo.jpg - Klikk for stort bilete

 

Ombo oppvekstsenter er lokalisert nær ferjekaien på Eidssund. Det er både skule, SFO og barnehage i oppvekstsenteret. Barnehageavdelinga på Halsnøy er også ein del av oppvekstsenteret. Pr. i dag bur om lag 30% av barna ved oppvekstsenteret i Hjelmeland kommune, resten bur i Finnøy. Frå 1.1.2020 blir heile Ombo in del av nye Stavanger kommune og alle barna ved oppvekstsenteret vil bu i nye Stavanger kommune.

Skule

Elevar på 1.-5. trinn. Det er om lag 20 barn i skulen. Skulen er fådelt og organisert i to klassar.

 

SFO

Finnøy kommune sine retningslinjer seier at det skal vere tilbod om plass i SFO ved oppvekstsentra viss det er fem elever eller fleire som ønskjer plass når skuleåret startar opp. Viss det ikkje blir starta opp SFO vil desse barna få tilbod om tilsyn i barnehagen.

 

Barnehagen

Barnehagen på Ombo oppvekstsenter har to avdelingar, ei avdeling på Ombo og ei avdeling på Halsnøy. Det er for tida om lag 20 barn i barnehagen.

 

Besøk oppvekstsenteret si eiga heimeside ved å klikka her.


Ombo oppvekstsenter, Eidevegen 2–4, Eidssund, 4187 OMBO

Barnehagen på Halsnøy: Skuleskogen 5, 4182 SKARTVEIT

 

Rektor Ingebjørg B. Vignes
Tlf. 51 71 20 80
Mob. 920 16 662
E-post: ingebjorg.b.vignes@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 29.08.2019
 
Login for redigering