Hagatoppen barnehage

Hagatoppen barnehage - Klikk for stort bileteHagatoppen barnehage Hagatoppen barnehage er ein fem-avdelings barnehage. Hovudbygget ligg i Hagavegen 23 på Judaberg, som er kommunesentrum på Finnøy. Her har me to småbarnsavdelingar og to avdelingar for barn som er 3-5 år. Den femte avdelinga er ein 1-5-årsavdeling som ligg i Steinnesvåg 60, i tidlegare Hesby skule.

Satsingsområde i Hagatoppen er Vere saman og språk. Alle barnehagane i Finnøy kommune er med i programmet Vere saman. Dette programmet rettar seg mot barna og dei vaksne i samspel. Hovudmålet er å heve kompetansen hjå dei tilsette i barnehagen som skal vere varme, grensesetjande vaksne. Me satsar også på språk i Hagatoppen. Språk er svært viktig for den sosiale utviklinga til barna. Song, rim og regler står sentralt i kvardagen, og me arbeidar aktivt med språkstimulering. Ein av dei pedagogiske leiarane har også språkgrupper.  Deler av personalet har i tillegg vore med i prosjektet ”Språkleg og kulturelt mangfald i barnehagen”, og utarbeidd språklege verktøy som vert brukt dagleg i barnehagen.

 

Vår visjon er Me har store tankar om små menneske.

 

 

Hagatoppen barnehage, Hagavegen 23, 4160 Finnøy

 

Styrar Randi Sevheim Christophersen
Tlf. 51 71 41 40
Mob. 404 66 756

 

Tlf. avd. Hesby: 404 38 079


E-post: hagatoppen@finnoy.kommune.no

 

 

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 08.10.2018
 
Login for redigering