Skular, barnehagar og SFO

Skuleavdelinga arbeidar i nært samarbeid med rektorane. Fokusområde:
* Eit godt arbeidsmiljø for elevane i grunnskulen i Finnøy kommune
* Eit godt vurderingssystem for kvalitet og kompetanse
* Kommunal kompetanseplan for tilsette i grunnskulen.

Finnøy kommune har fire skular på fire ulike øyar. Tre av skulane er samlokaliserte med barnehagen og har derfor blitt kalla oppvekstsenter. 

Skulefritidsordning (SFO) blir oppretta på oppvekstsentra når ein har 5 søkjarar eller meir. Dersom ein har under 5 søkjarar, kan det vera aktuelt å kombinera dette tilbodet med opphald i barnehagen så langt plass, bemanning og forhold elles ligg til rette for det.

 

Når ein søkjer plass i SFO, brukar ein linken til høgre «Søknad, endring og oppseiing - barnehage og SFO». Søknadsfrist til hovudopptaket er 01.02. Dersom barnet skal gå enkelte dagar, skriv kva dagar det gjeld, og om det er før skuletid, etter skuletid eller begge delar. Merk at det er opningstida som avgjer timetalet for intervallet. Dersom ein ynskjer å endre plasstilbod eller sei opp plassen, brukar ein også linken til høgre, logg på og gå til «mine plasseringar». Der ligg informasjon om tilbodet barnet nyttar, og her legg ein inn endring eller oppseiing. Minner om at det er ein månad oppseiingstid, og at etter 1.april kan ein ikkje sei opp plass for resten av SFO året utan å bli fakturert for det. Barn som får SFO plass har plass til ut 4.kl., skal ikkje søkje på nytt kvart år.

 

SFO på oppvekstsentra fylgjer skuleruta. Ein betalar for 10 månader i året.

 

SFO på Finnøy sentralskule fylgjer skuleruta, i tillegg er det ope frå 01.08 og fram til skulestart, haustferie, vinterferie og ut juni. Ein betaler for 11 mnd., juli er betalingsfri, dei som nyttar dagar i utvida tilbod betalar også 150 kr. dagen. Barnehagane Talgje, Utsyn og Hagatoppen har stoppdato for førskuleborna 31.07,  og tilbod om opphald i SFO etter det. Barn som ikkje skal ha SFO, kan ha opphald i barnehage fram til skulestart. Gje då beskjed til styrar.

 

For klagerett ved inntak i barnehage og SFO, sjå vedtektene ovanfor.

 

For nærare informasjon, ta kontakt med styrar eller rektor. 

 

Finnøy er knytt til Midt-Ryfylke PPT (pedagagisk-psykologisk teneste). Denne interkommunale tenesta er lokalisert på Jørpeland, og du finn kontaktinformasjon på denne lenka

 

Skuleadministrasjonen:
Postadresse: Finnøy kommune, teneste oppvekst, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy
Epost: post@finnoy.kommune.no
Tlf. 51 71 47 00
 

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 28.11.2017
Lovar, forskrifter og retningslinjer (1)
Lenker (1)
 
Login for redigering