Legekontoret

Finnøy legekontor ligg i Finnøy Rådhus, Judabergvegen 6 på Judaberg. I tillegg til fastlegekontor er vi også legevaktkontor for dei som oppheld seg i kommuna, og treng akutt legehjelp 0800-1530 på kvardagar.

 

Telefon: 51714200.

 

Åpningstider:

0800-1530.

Telefon: 0830-1100 og 1300-1430.

Laboratorium: 0830-1130 og 1230-1500.

Tilsette:

Eivind Vestbø, fastlege og spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin. Praksisdagar mandag og torsdag. Har vikar dei andre dagane.

Anita Fjukmoen, fastlege og under spesialisering i allmennmedisin. Praksisdagar onsdag og fredag. Tysdag jobbar ho som lege ved helsestasjonen/skulehelsetenesta. Vikar i praksisen måndag og torsdag.

Morten Hovdet, fastlege, spesialist i allmennmedisin. Praksisdagar måndag, onsdag, torsdag og halve fredag. Onsdag og halve fredag offentlig legearbeid som kommuneoverlege.

Maria Madland Skeie, godkjent allmennlege, vikar for Anita Fjukmoen og Eivind Vestbø.

 

Merete Halleland, sjukepleiar.

Marit Landa Ekelund, sjukepleiar.

Kirsten Løland Flesjå, sjukepleiar.

 

Timebestilling på internett

Du kan sjølv bestilla legetime på internett.

Trykk på denne lenka, eller trykk på timebestilling i menyen til høgre.

 

Timebestilling tlf. 51 71 42 00
Det er timebestilling for alle konsultasjonar med lege. Vanleg time kan tingast utan å oppgi grunnen til at du ønsker time. Men det kan vera greit for legen å vite kvifor du kjem.
For skifting på sår, fjerning av sting, influensavaksinering, kontroll av blod- og urinprøvar (etter avtale med lege) er det ikkje nødvendeg å bestille time.

 

Telefonkonsultasjonar

Enkle avklaringar og førespurnader som kan gjerast på få minutt kan i sjeldne tilfeller ordnast per telefon . Du tek kontakt med legekontoret, og om ikkje sjukepleiarane kan gje svar, ringjer legen deg opp att mellom  kl.15.00 og 16.00.  Du tingar deg time dersom du har behov utover dette.

 

 

 

 

Elektronisk konsultasjon

Du kan kontakte legen på sikker måte ved innlogging  via lenke til besøklegen.no. Enkle henvendingar og spørsmål som kan avklarast elektronisk egnar seg for elektronisk konsultasjon. Forventa svartid: innan 3-5 dagar.

 

Akutt sjukdom og skader
Dersom du sjølv meiner at du har akutt sjukdom eller skade, kan du sjølv ikkje velja lege, men vil bli tatt imot  som øyeblikkeleg hjelp, og så fort som situasjonen tilseier det.


 

Legevakt - tlf. 116117

Legevakta utanom kontortid er interkommunal, og er for akutte tilstandar som ikkje kan vente til neste dag  i vanleg kontortid. Legen har heimevakt, og vil ta kontakt for å avtale møtestad for konsultasjon. Når pasienten sin tilstand er slik at han/ho ikkje kan transporterast til legen, reiser legen i heimebesøk . Henting med ambulanse vil vere aktuelt i ein del tilfelle. Legevaktnr. 116117 er gratis, og set deg alltid i kontakt med næraste legevakt. Dette kan du bruke heile døgnet. Nr. 51 51 02 02 går alltid til Stavanger legevakt, som er legevakta Finnøy er knytt til. På dagtid set Stavanger legevakt deg i kontakt med Finnøy legekontor dersom du oppheld deg i Finnøy kommune.

 

Helse/medisinsk nødnummer 113                                                

Dersom du trur at det kan stå om liv, RING  113. Då vil du få all den hjelp du treng av både ambulanse og lege.

 

Prisar
Takstane følgjer til ei kvar tid gjeldande avtale mellom Legeforeninga og styresmaktene.  Nærare opplysingar om takstane kan du få på legekontoret eller via følgande lenke. Følgande inngår ikkje i frikortbeløpet/dekkast ikkje av frikort: Ekspedering av henvisning, brev og liknande kostar 59 kroner. Uteblitt time utan å melde frå seinast dagen før kostar 152 kroner. Frikortbeløpet endrar seg frå år til år. Du får automatisk frikort i posten når dette beløpet er nådd.

 

Om fastlegeordninga og felles arbeidsliste
Alle som brukar legekontoret som sitt legekontor, må velgja fastlege ved kontoret. Spesielt for Finnøy er at vi har " felles arbeidsliste". For den einskilde tyder dette at det er fritt legevalg mellom legane på Finnøy legekontor frå konsultasjon til konsultasjon, same kven som er fastlegen din. Men dersom du er kronisk sjuk og treng oppfylgjing over tid, ser vi gjerne at du velgjer fastlege, den legen som  du vil skal fylgja deg opp. 

 

Ynskjer du å bytte til fastlege ved Finnøy legekontor?

For å skaffe deg/bytte fastlege ringer du 810 59 500, eller gå inn på helsenorge.no.

 

Sjukmeldingar
Ved kortvarig sjukdom må du nytte eigenmelding. Alle som trur dei treng ny sjukmelding eller fornying, må møte på kontoret. Sjukemeldingar kan ikkje tilbakedaterast, med mindre du har vore i kontakt med legekontoret frå første sjukedag.

 

Reseptar
Ingen kan få nye medisinar utan at dei går til kontrollar på legekontoret. Skal du fornya resepten er det greitt å gjera det ved kontrollane. Men treng du ikkje ny legetime når du treng ny resept, då er det greitt at du ringer eller bestiller elektronisk til fastlegen. Du kan be legen fornye resepten ved å sende elektronisk melding til legen via besøklegen.no. For oversikt over medisinar og gyldige reseptar logg inn på Mine resepter på helsenorge.no. Du kan forvente at resepten er godkjent innan 3 virkedagar. For nokre sterke smertestillande eller vanedannande sovemedisiner må du som hovedregel få resept når du er på konsultasjon.

 

Apotek
Pr i dag blir alle reseptar laga til som e-resept. Det vil si at du ringer og bestiller som nemnt i forrige avsnitt og deretter behandler fastlegen resepten. Alle apotek i heile landet har då muligheit til å få tilgang til resepten din. Så må du sjølv enten hente ut medisinen på eit apotek, eller ringe til eit apotek som du vil at skal sende medisinen.

 

Ryfylke apotek på Rennesøy sender til COOP på Judaberg og per post. Telefon 51720990.

Strand Apotek/Apotek 1 Strand sender per post. Telefon 51741450.

      

 

Vaksinasjon.

Ved behov for reisevaksine kan du kontakte legekontoret for å avtale time. Viss du vil finne ut kva vaksiner du har kan du logge deg inn på Mine vaksiner via helsenorge.no.

 

Pasientreiser
All refusjon av transportkostnader til og frå legekontoret er nå sentralisert til pasientreiser. Dersom det er helsemessige årsaker til at du treng drosje, må du kontakte legekontoret (evt. sjukehuspoliklinikken) og så bestiller dei. Viss du treng drosje fordi det ikkje går buss (trafikalt grunnlag) må du sjølv ringe til pasientreiser på telefon 05515.

 

 

Eksterne lenker

·         Bestill legetime på internett

·         Helfo

·         Helsenorge

·         Pasientreiser

·         Pasient og brukerrettighetsloven

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 30.10.2017
 
Login for redigering