Krisesenter

Krisenteret er eit lågterskeltilbod for folk som er utsette for vald i nære relasjonar. Senteret er bemanna døgeret rundt. Kontakttelefon er 51 53 06 23. Krisesentertilbodet for kvinner er fysisk skilt frå krisesentertilbodet for menn.

Finnøy kommune tek del i samarbeid om krisesentertilbod som er drifta av og lokalisert i Stavanger. Innbyggjarne i Finnøy kan ta direkte kontakt med Krisesenteret i Stavanger og få hjelp her.

Krisesenteret i Stavanger gjev eit tilbod til menneske utsett for vald i nære relasjonar. Dette gjeld fysisk, psykisk eller anna vald som råkar kvinner, menn og borna deira. Det gjeld også personar utsette for tvangsekteskap eller menneskehandel. Krisesentertilbodet for kvinner er fysisk skilt frå krisesentertilbodet for menn.

 

Krisesenteret tilbyr:                                                          

-     Råd og rettleiing gjennom individuelle samtalar og/eller gruppesamtalar

-     Hjelp til å ordna praktiske utfordringar

-     Foreldrerettleiing

-     Ein mellombels bustad når dette er nødvendig.

-     Formidling av kontakt til andre delar av hjelpeapparatet, til dømes advokat, Alternativ til vald, NAV og andre.

 

Krisesenteret er et gratis lågterskeltilbod, som betyr at du kan ta kontakt når som helst, utan tilvising. Krisesenteret er bemanna heile døgeret.

 

Telefon: 51 53 06 23

E-post: ksis(a)stavanger.kommune.no

For meir informasjon, sjå www.stavanger.kommune.no/krisesenter

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 08.12.2016
 
Login for redigering