Nye Stavanger

Fylkesmannen i Rogaland tilrår at Finnøy og Rennesøy blir slegne saman med Stavanger kommune frå 1.1.2020, i tråd med kommunestyrevedtaka. 

Nye Stavanger

 

Samtalane kring Nye Stavanger er i gong, for meir informasjon sjå her.

 

Innbyggjarundersøking – Ombo

Opinion har på vegne av Finnøy og Hjelmeland kommunar gjennomført ei innbyggjarundersøking om kommunegrensa på Ombo i perioden 09.11.2016 – 25.11.2016.

 

Spørsmåla var:

1. Ynskjer ein at Ombo skal vera i same kommune? ja/nei

2. Kvifor ein kommune ynskjer ein å vera ein del av? Nye Stavanger/Hjelmeland

 

Svarprosenten ligg på 71 %, dette er høg svarprosent samanlikna med tilsvarande undersøkingar. Det er 125 personar som har svart på undersøkinga, 89 personar i Ombo krets (Finnøy) og 36 personar i Vestersjø krets (Hjelmeland).

 

Resultata viser at 92 % av innbyggjarane på Ombo ynskjer at Ombo skal vera samla i ein kommune.

73 % av innbyggjarane på Ombo ynskjer at Ombo skal vera ein del av «Nye Stavanger».

 

Det er likevel klare skilnadar i dei to kretsane:

• I Ombo krets (Finnøy) er det 93 % av innbyggjarane som vel «Nye Stavanger», og 5 % som vel Hjelmeland kommune.

• I Vestersjø krets (Hjelmeland) er det 74 % som vel Hjelmeland kommune, og 26 % som vel «Nye Stavanger».

 

Kommunestyrene i Finnøy og Hjelmeland handsame sak om grensejustering på Ombo 14. desember. Begge kommunestyra vedtok same vedtak:

  1. Kommunestyret viser til kommunereformprosessen og tilråding frå fylkesmannen vedk. grensejustering på Ombo.
  2. Kommunestyret meiner at øya Ombo som i dag er delt mellom Finnøy kommune og Hjelmeland kommune, bør samlast i ein kommune. Kommunegrensa går på tvers av ei øy og eitt lokalsamfunn som elles naturleg høyre saman. Kommunestyret legg vekt på at innbyggjarundersøkinga viser at 92 % av innbyggjarane ynskjer at Ombo vert samla i ein kommune.
  3. Kommunestyret meiner at Ombo bør vera ein del av «Nye Stavanger kommune». Kommunestyret legg vekt på at innbyggjarundersøkinga viser at 73 % av innbyggjarane ynskjer at Ombo skal høyre til «Nye Stavanger».
  4. Kommunestyret vedtek, på bakgrunn av punkt 1 og 2, å be nasjonale myndigheiter om å gjennomføre grensejustering på Ombo, slik at heile øya Ombo går med Finnøy kommune inn i «Nye Stavanger kommune». Grensejusteringa bør skje samstundes med etableringa av «Nye Stavanger». 
  5. Vedtaket vert oversendt fylkesmannen for vidare handsaming. 

 

Kommunereform

For Finnøy var det i utgangspunktet tre aktuelle vegar å gå i arbeidet med kommunereform. "Nullalternativet" var å halda fram som eigen kommune, "Utstein-alternativet" var å slå seg saman med Randaberg, Rennesøy og Kvitsøy, og "Stavanger-alternativet" er at Finnøy og Rennesøy slår seg saman med Stavanger, eventuelt saman med andre kommunar

 

Folkerøysting

Ved ei rådgjevande folkerøysting onsdag 8. juni 2016 stemte fleirtalet av veljarane i Finnøy ja til kommunesamanslåing, og til å gå for "storkommune med Stavanger". Det same gjorde fleirtalet i Rennesøy ei veke før, medan Stavanger i prinsippet er opne for kommunesamanslåingar i alle retningar.

Ansvarleg Helene M. Ohm. Sist endra 11.05.2017
 
Login for redigering