Vegadresser på 4160 Finnøy

Alle hus, hytter o.l. på øya Finnøy skal sidan 27. oktober 2015 ha fått vegadresse med husnummer.

Klikk på denne lenka for å få alle vegnamna og klikkbare husnummer (hittil 1245 stk.) i Finnøy kommune. Ein lettare måte å søkja fram ei bestemt adresse på, er å gå til www.norgeskart.no og skriva inn vegnamn og velja husnummer i rullegardinmenyen.

 Adresser på 4160 Finnøy, innførte 15.okt.2014 til 27.okt.2015:

Astridbakken (15)

- på Få. frå Finnøyvegen ved banken vestover, til vegbom mot Hagavegen litt før Hagatoppen barnehage.

Badevikvegen (19)

- på Reilstad. frå Reilstadsveingen der Reilstadvegen svingar ned (austover) mot kaien, forbi nytt byggjefelt, og sørover til Badevika.

Bergevegen (53)

- på Reilstad og Berge. Frå kryss med Finnøyvegen opp til Berge. Skilta mot Teigen og Berge. Gummihytte-vegen og vegen til Teigen er sidevegar med oddetalsnummer. Gamlevegen mot bom mot Kindingstad er sideveg med partalsnummer.

Bjøravåg (6)

- på Kindingstad, frå kryss med Finnøyvegen/Borgaråsvegen til sjøen ved Bjøravåg.

Borgaråsvegen (21)

- på Kindingstad, frå kryss med Finnøyvegen/Bjøravåg til sjøsida av Borgaråsen.

Djupevikvegen (9)

- på Reilstad, frå kryss med Reistadvegen i sving ved Arak, går sørover til Djupevik og i retning Badevik.

Finnøyvegen (70)

- fv. 519 frå Ladstein over Reilstad til Judaberg nye ferjekai. 

Flesjåvegen (17)

- på Flesjå. frå kryss med Skreddarstuva nær prestegarden, til Flesjå-gardane, og ut mot Steinnesvåg.

Fåbakkane (29)

- på Få. Frå kryss med Astridbakken like ovanom banken, forbi Harald Faa sin gard, forbi Faatunet og opp Annaniasbakken.

Fåfeltet (19)

- på Få. Eldre byggjefelt på oppsida (vestsida) av Finnøyvegen vis-a-vis Fåholmen og Finnøy Motor.

Fåhadlet (48)

- på Få. Byggjefelt med innkøyring vis-a-vis Kiwi-butikken mot Nedre Bøhagen. Vidare oppover (vestover) til Higrestad og Higrestadflåten, og ut mot Vikefjellet mot sør.

Fåhagen (49)

- på Få. Byggjefelt der Maskinhus-hyttene låg og der det var ei myr, sør for brannstasjonen. Held fram til Fåstemmen, mot Utsyn.

Fåholmen (12)

- på Få. Vegen forbi brannstasjonen og miljøstasjonen til Fåholmen. Til Ryfylke Trelast og Judaberg Båtforening.

Hagabakken (7)

- på Haga. Bakke vestover/oppover, startar frå Hagavegen sør for Finnøy sentralskule.

Hagavegen (9)

-på Haga. Vegen frå Lauvsnesvegen ved Finnøy fleirbrukshall, sørover forbi gamle Rygjabø og Hagatoppen barnehage, til vegbom mot Astridbakken i sør.

Hagatunet (34)

- på Haga. Nytt bustadområde på Haga, med mange småvegar. Innkøyrsle nedover (austover) frå Hagavegen vis-a-vis Finnøy sentralskule.

Haråsvegen (12)

- på Hauskje, Landa og Nordbø. Frå kryss med Øvre Hauskjevegen/Nådedalen til Nordbøkrysset (Hesbyvegen).

Hesbyvegen (72)

- fv. 601 - frå Hesbykrysset (Skreddarstuva/Steinnesvåg) forbi Hesby kyrkje, over Nordbø og Nedre Landa til Døvika.

Judabergvegen (21)

- på Haga. Frå Lauvsnesvegen nedanfor Bethel, til Bethel, sjukeheimen, omsorgsbustader, Otto-huset, rådhuset og bankbygget.

Kindingstadvegen (28)

- på Kindingstad. Fv. 602 frå kryss med Finnøyvegen, nedanfor Svennastykket; ved kryss med Kvitevikvegen ved Kleng Peerson-huset, svingar Kindingstadvegen oppover til høgre mot Bleivatnet. Gamlevegen til bom mot Reilstad, og vegen under Lusafjellet er sidevegar med oddetalsnummer.

Kvitevikvegen (58)

- fv. 602, frå kryss med Kindingstadvegen ved Kleng Peerson-huset over Ladstein, Vignes og Sevheim, til kryss med Kyrkjeskarvegen/Steinnesvåg på Steinnes.

Kyrkjeskarvegen (18)

- på Kindingstad og Steinnes. Frå kryss med Kindingstadvegen over Kyrkjeskaret til kryss med Kvitevikvegen/Steinnesvåg på Steinnes.

Lauvsnesvegen (73)

- fv. 601 - frå kryss med Finnøyvegen ved ny ferjekai på Judaberg, over Hauskje, Lauvsnes, Roda og Mjølsnes til Døvika.

Nedre Fåbakkane (8)

- på Få. Sideveg frå Fåbakkane, sørover/nedover parallelt med Finnøyvegen.

Nedre Hauskjeneset (19)- sjå merknad nedanfor*

- på Hauskje. Tek av frå Lauvsnesvegen innerst i Leirå (Hauskjevågen), langs nordsida av Hauskjevågen til Hauskjeneset.

Nedre Mjølsnes (7)

- på Nedre Mjølsnes. Frå kryss med Lauvsnesvegen ut mot fjorden.

Nesagjerdet (22)

- på Hauskje. Nytt byggjefelt aust for Finnøy fleirbrukshall. Innkøyring gjennom Øvre Hauskjeneset; vegbom til Nedre Hauskjeneset.

Nordre Vignes (9)

- på Nordre Vignes. Frå kryss med Kvitevikvegen til tunet på Nordre Vignes.

Nyvollvegen (26)

- på Steinnes. Frå kryss med Kyrkjeskarvegen til parsellhytter opp mot Kyrkjeskaret.

Nærlandsvågen (9)

- på Nærland. Småvegar frå Finnøyvegen til eldre hytter langs Nærlandsvågen.

Nådedalen (2)

- på Nådå og Hauskje. Frå kryss med Finnøyvegen gjennom Nådedalen til kryss med Haråsvegen/Øvre Hauskjevegen.

Nådesundvegen (17)

- på Nådå.Frå Lauvsnesvegen til Finnøy Fjordsenter ut mot Nådesundet.

Reilstadvegen (39)

- på Reilstad, frå kryss med fv. 519 Finnøyvegen ved Tantehaugen, forbi Betania til t-kryss med Badevikvegen i Reilstadsvingen, nedover (austover) til Reilstad kai.

Rygjabøvegen (23)

- på Haga. Bakke frå gamle Judaberg kai opp til gamle Rygjabø. Også kjent som Lensmannsbakken eller Hagabakken.

Skreddarstuva (31)

- på Kvame, Prestegarden og Hesby. Fv. 601, frå rundkøyringa på Kvame (Finnøyvegen) over Leikvoll og Finnøy prestegard til Hesbykrysset (Steinnesvåg/Hesbyvegen).

Spannevegen (5)

- frå kryss med Lauvsnesvegen opp til Spanne.

Steinnesvåg (23)

- fv. 602, frå kryss med Kyrkjeskarvegen/Kvitevikvegen på Steinnes, forbi Emmaus og Hesby skule til Hesbykrysset (Hesbyvegen/Skreddarstuva). Vegstubben til Steinnesvåg kai er sideveg med partalsnummer.

Storehamn (43)

- på Hesby. Frå kryss med Steinnesvåg sør for Emmaus, byggjefelt mot sjøen.

Tantestien (10)

- på Reilstad. Frå kryss med Reistadvegen på Tantehaugen og ned til fjorden nord for Reilstad kai, men sør for Nærlandsvågen. Adressene blir innførte 27. oktober.

Utsynvegen (23) - sjå merknad nedanfor**

- i Vika og på Få. Byggjefelt i øverste delen av (Vike)Kleiva, og vegen til Utsyn.

Veslelia (16)

- Byggjefelt under utbygging sørvest for rundkøyringa på Nådå/Kvame.

Øvre Hauskjeneset (17) - sjå merknad nedanfor*

- på Hauskje. Veg rett austover frå Finnøy fleirbrukshall, i nordkanten av området Nesagjerdet, ut mot fjorden.

Øvre Hauskjevegen (23) - sjå merknad nedanfor* og **

- på Hauskje. Frå Lauvsnesvegen ved Arne Linndal til kryss med Nådedalen/Haråsvegen.

Øvre Landa (7)

-på Øvre Landa. Frå kryss med Haråsvegen på Nordbø, til Øvre Landa.

Fem hytter på dei veglause småøyane Nådøya, Langøya, Skogholmen og Espeholmen har vegadresser tilknytt parsellen Finnøyfjorden.

 

*Merknad for vegnamna Hauskjevegen, Nedre Hauskjeneset og Øvre Hauskjeneset: Det er starta namnesak hjå Fylkeskartsjefen for å avklara om matr.gard 25 i Finnøy bør skrivast HauskeHauskje eller Hausken. Utfallet av namnesaka, som kjem til å ta nokre månader, vil vera avgjerande for offisiell stavemåte for desse tre vegnamna.

**Merknad for vegnamna Utsynvegen og Øvre Hauskjevegen: Endra frå Vikekleiva og Hauskjevegen 20. mars 2019 etter vedtak i Fellesnemnda for Nye Stavanger.

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 21.03.2019
 
Login for redigering