Alle på Finnøy har fått vegadresser

Det er sendt ut brev med nye vegadresser til dei som eig hus og hytter m.m. i den delen av Reilstad som hittil har mangla vegadresser. Desse adressene blir innførte 27.oktober, og då skal alle på øya Finnøy ha fått vegadresse med husnummer. Øya Talgje er allereie ferdigadressert med vegnamn og husnummer.

Dersom du veit gardsnr. og bruksnr. for ein eigedom, kan du finna vegadressa i denne oversikta. Ver merksam at på mange gardsbruk og i mange seksjonerte eigedommar, er det fleire vegadresser på same gnr. og bnr.

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 13.10.2015
 
Login for redigering