spacerMeny spacer
spacer
spacer
spacer
spacer
Søk
 
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Regional Kartinnsynsløysing
Areal-, plan- og miljøinformasjon for Rogaland
Eigedomsskatt 2008
Informasjon/grunnlagsskriv om eigedomsskatt i Finnøy kommune
Sist endra 08.08.2008
INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT I FINNØY KOMMUNE.

Det forrige kommunestyret vedtok prinsippet om innføring av eigedomsskatt for å kunne halde tenestenivået i kommunen på eit akseptabelt nivå. Sjølve vedtaket om innføringa vart gjort i kommunestyresak nr. 068/06. Det noverande kommunestyret har ikkje endra dette vedtaket, og i budsjettet for 2008 er det lagt inn at ”eigedomsskatt på verker og bruk og annan fast eigedom der det er høve til å skattlegge, vert utskrive med 2 promille for 2008.”

I utgangspunktet er alle eigedomar i kommunen skattepliktige, men det er i lova fritak for kommunale og statlege eigedomar m.m. Eigedom som blir ”heldt i hevd ved ein driftsmåte som er i samsvar med det som er vanleg jord- og skogsbruksdrift i området” er fritatt for eigedomsskatt, men våningshus med høveleg tomt på slike eigedomar er ikkje fritatt.

Kommunestyret har valt ei takstnemnd på 3 personar til å føreta endeleg taksering. Nemnda består av Siv Ragnhild Bjerga, leiar, Tarald Lauvsnes og Håkon Eide. Det vil bli leigd inn sakkunnig hjelp for nemnda. Det blir og oppnemnd ei overtakstnemnd til å ta seg av klagbehandling av takseringa.

Bruksareal og sjabloner vert lagt til grunn for å kome fram til taksten på eigedomen.
Det er eigedomen sin omsetjingsverdi ved fritt sal som er utgangspunktet for takseringa.
Bruksarealet (BRA) for kjeller, hovudetasje og loft vert rekna ut frå eigne teiningar som vart lagt med i brevet som vart sendt ut til alle grunneigerar før ferien. Omgrepet vert brukt av alle kommunar.
For å kome fram til takstverdi, har takstnemnda vedtatt at det skal brukast slike sjablonar:

Bustader/hytter med høg standard kr. 10.000 pr. m2
Bustader/hytter med normal standard kr. 8.500 pr. m2
Bustader/hytter med låg standard kr. 7.000 pr. m2
Garasje/uthus o.l. kr. 3.000 pr. m2
Carport m.m. kr. 1.000 pr. m2
Tomtegrunn kr. 30 pr. m2
Bustadhus m.m. på gardsbruk 50 % av ordinær takst

Inndeling av standard tek utgangspunkt i tidsperioden når bygget er oppført (etter 1992, mellom 1972-1992, før 1972). Det er vedtatt reduksjonsfaktorar for kjellerareal (0,6-0,7) og for loftsareal (0,8-0,9).
For eigedomar med sjøline vil verdien kunne bli auka med inntil 20 %. Takstnemnda har og vedtatt geografiske reduksjonsfaktorar for bustadhus ut frå at omsetjingsverdien nok er lågare på dei øyane som ikkje blir landfaste (ingen reduksjon for Finnøy/Talgje, 10 % red. for Halsnøy/Fogn og 20 % reduksjon for resterande øyar). For hytter er det ikkje grunnlag for geografisk reduksjon. For hytter vil takstverdien bli auka dersom hyttene har infrastruktur som veg, vatn, kloakk.
Sjablonverdiane vil vere eit utgangspunkt for takseringa, men kan så bli skjønnsmessig justert ut frå det inntrykk ein får ved den utvendige synfaringa på eigedomane.

For næringsbygg har takstnemnda vedtatt slike sjablonverdiar:

Kontorlokale, møterom m.m. kr. 6.000 pr. m2
Forretningslokale m.m. kr. 4.000 pr. m2
Produksjonslokale, lager, garasje m.m. kr. 2.000 pr. m2

Takstnemnda meiner at med å nytte ovanståande sjablonar m.m. vil ein neppe kome i situasjonar der takstverdien vil vere større enn omsetjingsverdien.

Det vil bli lagt ut eigne skattelister innan utgangen av juni månad, og kvar skatteytar vil få eigen skattesetel. Alle vil ha klagerett til overtakstnemnda på den utrekna eigedomsskatten, dvs. både på grunnlaget og sjølve utrekninga. Overtakstnemnda kan stadfeste taksten, redusere taksten eller auke den.

Korleis føregår takseringa ?
Kommunen henter ut opplysningar frå matrikkelen om kvar eigedom med eigar, tomtestorleik m.m. I tillegg tek vi ut opplysningar frå byggjesaksarkivet om areal på ulike bygg. Ut frå kart og flyfoto kan vi og finne grunnflate av bygg oppført før bygningslova, eller som vi av ein eller annan grunn ikkje har opplysningar om. Synfaringa på eigedomane vil skje i perioden 15.3 – 15.06 av representantar frå takstnemnda og/eller frå sakkunnig konsulent. Ved synfaringa skal ein ikkje inn i bygga, slik at eigar ikkje treng vere til stades. Etter synfaringa vil takstnemnda i møte fastsetje den endelege taksten for eigedomane. Denne taksten vil så liggje til grunn ved utrekninga av sjølve eigedomsskatten.

Ta gjerne kontakt med kommunen på telefon 51714700 dersom det er spørsmål.


Med helsing


for Finnøy kommune


Magne Kongsvik
rådmann

Kontaktinformasjon
Finnøy kommune
Rådhuset
4160  Finnøy
 
E-post : post@finnoy.kommune.no
 
 
Telefon : 51 71 47 00
Faks : 51 71 47 01
Beredskap : 902 07 291
Org.nr. : 938633029
Kontonr. : 3347.07.00195
Kommunenr. : 1141
_
Opningstid : 07.30 - 15.00
Innsyn
Saman for Ryfylke
Bilete for dagen
Levert av ACOS AS