spacerMeny spacer
spacer
spacer
spacer
spacer
Søk
 
Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Regional Kartinnsynsløysing
Areal-, plan- og miljøinformasjon for Rogaland
Strandsoneprosjektet i Finnøy kommune
Risneset, Finnøy

Finnøy kommune er eit øyrike med mykje strandsone. For å rette fokuset mot korleis ein kan betre kunnskapen om, og forvalte, strandsona på best mogleg vis starta kommunen opp eit strandsoneprosjekt i 2005.

Fokuset har i hovudsak vore på kartlegging av strandsona, og det å få relevant informasjon og kunnskap ut til både lokalpolitikarar og andre. Blant anna er det laga eit arealstatuskart til bruk i kommuneplanprosessen.

På heimesidene til kommunen finn du notat frå møteverksemd knytt til prosjektet, referat frå synfaring i strandsona og etterkvart strandsonekart for dei ulike øyane i kommunen. Du finn "Strandsoneprosjektet" under "Næring, miljø og teknikk" i hovudmenyen til venstre.

Prosjektet er ikkje ferdigstilt i form av endeleg prosjektrapport og verdivurderingskart for strandsona (juli 2009). Dersom du har spørsmål knytt til prosjektet/framdrifta må du gjerne ta kontakt med kommunen v/ prosjektleiar Astrid Espe.


Artiklar
Linker
LinkKartlenker
Kontaktinformasjon
Finnøy kommune
Rådhuset
4160  Finnøy
 
E-post : post@finnoy.kommune.no
 
 
Telefon : 51 71 47 00
Faks : 51 71 47 01
Beredskap : 902 07 291
Org.nr. : 938633029
Kontonr. : 3347.07.00195
Kommunenr. : 1141
_
Opningstid : 07.30 - 15.00
Innsyn
Saman for Ryfylke
Bilete for dagen
Levert av ACOS AS