Bakgrunnen for forbodet er at rettsverknaden for bandlegginga av område B33 falt bort idet bandleggingsperioden gjekk ut i juni 2011. Området står i dag som udisponert i gjeldande kommuneplan. Forbodet vil gjelde fram til planspørsmålet er avklart (dvs. med vedtak av anten kommuneplan eller reguleringsplan), men ikkje lenger enn fire år frå dato for vedtak av forbodet.
Ev. merknader sendast til Finnøy kommune, tenestavd. Plan og forvaltning, 4160 Finnøy, innan 21.05.2012. Saka vil deretter bli lagt fram for Forvaltningsstyret for vidare behandling.