Årsaka til dette er at slike ekstra/alternative vasskjelder kan innebere ein risiko for ureining av drikkevatnet dersom dei ikkje er utførde på rette måten. Eit eksempel er hendinga i 2008, då vatn frå ei privat vasskjelde ureina store delar av leidningsnettet i Rennesøy og Finnøy, med koking av drikkevatnet som resultat.
Det er Finnøy kommune som er ansvarleg for å levere trygt drikkevatn. Det er difor vår plikt å sjå til at ingen abonnentar kan kome til å ureine vatnet ved eit mistak.
Vedlagde dokument beskriv krava til tilkoplingar:
•- Sanitærreglement, administrativ del
Her fylgjer og eit eksemplar av tilbakemeldingsskjemaet vi vil ha inn frå dei som har ei vasskjelde til eigedomen sin i tillegg til privat vassforsyning. (Sjå vedlegg.)