Vedtekne vegnamn (gatenamn) på Finnøy:
Astridbakken - Bergevegen - Bjøravåg - Finnøyvegen - Flesjåvegen - Fåbakkane - Fåfeltet - Fåhadlet - Fåhagen - Fåholmen - Haråsvegen - Hauskjevegen - Hesbyvegen - Judabergvegen - Kvitevikvegen - Kyrkjeskarvegen - Lauvsnesvegen - Nedre Hauskjeneset - Nordre Vignes - Nådedalen - Reilstadvegen - Skreddarstuva - Spannevegen - Steinnesvåg - Storehamn - Vikekleiva - Øvre Hauskjeneset.
Kommunestyret vedtok samstundes desse offisielle vegnamna for øya Finnøy, med atterhald om at Rådmannen og Matrikkelføraren for Finnøy kommune har fullmakt til å vurdera ut frå talet på adresseeiningar om ein eller fleire av dei skal fjernast som eigne vegroder: Hagavegen, Nedre Fåbakkane, Nedre Mjølsnes, Porsmyrvegen, Vestbøvegen, Øvre Landa.
Vedtekne vegnamn (gatenamn) på Finnøy:
Gardsvågen - Gongstø - Talgjevegen - Østabøvegen - Østabøvågen.
Samanlikna med innstillinga frå Vegnamnsnemnda som låg ute på høyring, er to vegnamn endra. Dette gjeld Astridbakken og Skreddarstuva - det sistnemnde vegnamnet var frå nemnda si side innstilt med ein annan skrivemåte. To innstilte vegar - Prestavegen og Sentrum - er fjerna som vegroder med den grunngjevinga at dei er altfor korte og har for få adresseeiningar.
Kommunestyret sitt endelege vedtak kan etter kapittel VI i Forvaltningslova påklagast til Departementet. Eventuell klage skal framsetjast skriftleg og sendast Finnøy kommune, Sentraladm., 4160 Finnøy, innan 15. juli 2010.