45 % av kommunen har vegadresser

På Finnøy og på Talgje er det i perioden oktober 2014 til oktober 2015 innført vegadresser med husnummer. Dei 1245 unike vegadressene dekkjer om lag 45 % av eigedommane i Finnøy kommune, og det dekkjer 67 % av dei fastbuande i kommunen.

Det første området som blei adressert, var Talgje utanom det nye byggjefeltet, 1. oktober 2014. Det siste området var det meste av Reilstad nedanfor fylkesvegen, 27. oktober 2015.

 

Det er ingen vedteken tidsplan for innføring av vegadressar på dei ikkje-landfaste øyane. Dette området omfattar rundt 55 % av eigedommane i kommunen, og 32 % av dei fastbuande. 

Sist endra 27.10.2015
 
Login for redigering